Firmaet

Seimen AS  starta med å selja høvla bygningmateralar, og seinare innkjøpte bygningsmaterialar for vidaresal. På midten av 90-talet starta firmaet som byggmeistar og tilsette etter kvart fleire snikkarar. Det starta med omvøla og rehabilitering. Men nokså snart vart det nybygg og større prosjekt. I dag har firmaet 41 tilsette. Utbygginga med husvære i rekke eller hytter i Myrkdalen, har dei 10 siste åra vore det viktigaste arbeidsområdet. Største oppdraget der er Torggarden som ligg midt i «sentrum» . Seimen utviklar og byggjer eigne prosjekt for sal i Myrkdalen og andre stader på Vossestrand.

Ny Sundve skule stod ferdig i 2017, og ei slik oppgåve utvikla kompetansen vår på større prosjekt. Omsorgsbustader på Oppheim er døme på prosjekt av annan karakter enn hytter og einebustader.

Elementproduksjon

Seimen AS har eigen fabrikk der me produserar prefabrikerte element, som veggar og tak til dei prosjekt me til kvar tid driv med. Med det unngår ein vêr og vind dersom me skulle byggja det der bygningen skal oppførast. Samstundes er dei raskare og billigare.

Seimen AS er totalleverandør som tek hand om alt frå grunnarbeid, VVS, elektro og bygg, det vil seia ferdig med nøkkelen i døra.